mandag 18. januar 2010

"DU MÅ IKKE SOVE !"

Forfattaren Arnulf Øverland tok i mellomkrigstida stilling for kommunisme og ateisme. Han var ein av dei første som åtvara mot nazismen. Dikta "Du må ikke sove" vil vekke oss og varsle om det som føregår i Europa på denne tida. Dikta er skrive i 1936, og Øverland er profetisk og skjønner kva som skjer, han ser at – "Europa brenner".


"Du må ikke sove" er henta frå samlinga "Den raude fronten" som kom ut i 1937. Dikta er tradisjonelt oppbygd, noko som ikkje er overraskande sidan Øverland var tilhengar av fast form i lyrikken og tok avstand frå modernismen – dette seier han klard og tydeleg i den kjende, "Tungetale frå parnasset". Øverland var, som tidlegare nemnt, kommunist på denne tida. Han er apostel for nettopp det same som drømmestemmen i diktet: fred, arbeid, samhald og kjærleik, og for å kjempe for dette på slagmarken. Sener i livet snur Øverland ryggen til kommunismen då han forstår at samfunnet i Sovjetunionen raknar Den radikale opprøraren blir konservativ. Men på den tida då han skriv "Du må ikkje sove" nytter han orda som våpen i kampen mot nazismen, han skriv politiske kampdikt. Då tyskarane okkuperte Noreg, fortsette Øverland å skrive dikt. Dei vart kopiert og delt ut i all løyndom. Dikta oppmuntra nordmenn til å stå saman og kjempe for fridomen sin. Dette pågikk eit heilt år, men i juni 1941 vart han arrestert av tyskarane og sett i einecelle på Møllergata 19. Øverland fekk smugla inn ein blyantstump og skreiv dikt på toalettpapir. I 1943 vart Øverland sendt til den tyske konsentrasjonsleiren Sachsenhausen. Her sat han til slutten til krigen, og her skreiv han dikt til oppmuntring for seg sjølv og medfangane sine.